Kjøring
Ynskjer du å vere demonstrasjonsekvipasje på Inspirasjonshelga?
3.–4. oktober inviterer Teknisk komité køyring (TKK), Sportsutval køyring (SU-K) og Stav Køyre- og Rideklubb til Inspirasjonshelga 2026. Til den praktiske delen av programmet søkjer vi no demonstrasjonsekvipasjar som ønskjer å bidra til ei lærerik og inspirerande helg.


Ei unik moglegheit til å utvikle deg
Å vere demonstrasjonsekvipasje er både nyttig og lærerikt. Gjennom den praktiske delen av Inspirasjonshelga får du høve til å få tilbakemeldingar frå nokre av dei mest røynde dommarane, kuskane og trenarane innan køyresporten. Demonstrasjonane vil danne grunnlag for faglege diskusjonar om korleis vi kan køyre betre, trene betre og dømme betre.
Dette får du som demonstrasjonsekvipasje
Som demonstrasjonsekvipasje får du og groomen din:
- gratis deltaking på Inspirasjonshelga
- gratis oppstalling på Stavsplassen
- alle måltid gjennom helga
- moglegheit for reisestøtte
SU-K har løyvd 12 000 kroner til reisestøtte. Midlane blir fordelte prosentvis etter dokumenterte reisekostnader.
Kven ser vi etter?
Vi ønskjer eit breitt og representativt utval av ekvipasjar, og oppmodar både nye og erfarne kuskar til å melde interesse.
Vi ønskjer mellom anna:
- ulike rasar
- ekvipasjar på alle nivå, frå utdanning til vanskeleg klasse
- einspann, tospann og særleg fleirspann
Utvalet av demonstrasjonsekvipasjar blir gjort med mål om å skape størst mogleg fagleg utbyte for alle deltakarane på Inspirasjonshelga.
Påmelding
Ynskjer du å vere demonstrasjonsekvipasje, melder du deg på via skjemaet nedanfor.
Påmeldingsfrist er 1. september.
Demonstrasjonsekvipasjane som blir valde ut, får beskjed kort tid etter at påmeldingsfristen har gått ut. Blir du ikkje vald ut, kan du framleis melde deg på Inspirasjonshelga som ordinær deltakar. Fristen for ordinær påmelding er 12. september.
➡️ Meld deg på som demonstrasjonsekvipasje her:
https://forms.gle/McKKxCKQCfmkDSQZ6
Har du spørsmål, kan du kontakte TKK ved Janne Hetle på telefon 924 41 175.
Vil du delta på Inspirasjonshelga utan å vere demonstrasjonsekvipasje? Då finn du informasjon og påmelding i hovudartikkelen:
➡️ https://www.rytter.no/nyheter/pamelding-er-open-til-inspirasjonshelga-2026
Relaterte artikler

Kjøring
Dette er årets nye mestere i kjøringDette er årets nye mestere i kjøring

Sprang
VM i Aachen – hva skjer når?VM i Aachen – hva skjer når?

Sprang
Dette er en ordentlig travel mesterskapshelg!Dette er en ordentlig travel mesterskapshelg!

Kjøring
Uttak VM Senior enspent 2026Uttak VM Senior enspent 2026