Teknisk Personell

Sleggeslaget

Sleggelaget er eit samarbeid mellom Teknisk Komite Kjøring (TKK) og Sportsutvalg Kjøring (S-UK) med det formål å ha ein årleg møteplass for banebyggarar og samstundes gje ein rideklubb eit anleggsmessig løft i form av eit nytt fast hinder eller oppgradering av eksisterande.

av
Martine Gulliksen

Klubbane har høve til å søke om å vere vert for Sleggelaget, og søknaden skal S-UK i hende innan 1. juni.

Søknaden skal innhalde eit kart eller ei skisse over området hinderet skal byggast på og kva materialer, utstyr og mannskap klubbane sjølve kan bistå med. SU-K kan etter søknad støtte med midlar til material, utstyr og maskinleige dersom tildeling av midlar tillet dette. Klubbane oppfordrast og til å søke NIF om utstyrsmidlar, sjå HER.

Klubbane må kunne stille med område til camping og rimeleg (eventuelt privat) overnatting, slik at den økonomiske belastninga på tilreisande banebyggarar kan gjerast så låg som mogeleg. Klubbane må foreslå to mogelege helgar, og desse må ikkje kollidere med oppsatte DMP-stemner. Det er ein fordel, men ikkje eit krav at Sleggelaget kan arrangerast nært opptil eit planlagt stemne, slik at løyper og hinder i stor grad kan planleggast for det komande stemnet.

Same klubb kan ikkje vere vert for Sleggelaget oftare enn kvart 3. år. Vertskapet for Sleggelaget skal fortrinnsvis rullerast mellom landsdelane. Klubbar som er tildelt meisterskap same eller komande år vert særskildt oppfordra til å søke om vertskap for Sleggelaget, men meisterskapsarrangørar blir kun prioritert di som søknaden er av same kvalitet som dei øvrige.

Ved likestilte arrangørar med hensyn til både søknaden sin kvalitet, geografisk spreiing og eventuelle meisterskap, blir vertskapet tildelt på loddtrekning. Vertskapet for Sleggelaget blir tildelt for inneverande og eventuelt komande år snarleg etter søknadsfristen er utløpt.

Sleggelaget vil vere praksisgjevande på linje med å bygge ein DMP, og TKK støttar med reise, opphald og honorar for ein kurshaldar som skal vere fagleg ansvarleg. Øvrige deltakarar på Sleggelaget oppfordrast til å søke sin klubb eller krins om støtte til reise.

Ordninga Sleggelaget skal reviderast årleg av SU-K og TKK, og innspel til ordninga er særs velkomne.

Relaterte artikler