Kjøring
Sleggelaget 2025
Sleggelaget er eit samarbeid mellom Teknisk Komite Kjøring (TKK) og Sportsutvalg Kjøring (S-UK) med det formål å ha ein årleg møteplass for banebyggarar og samstundes gje ein rideklubb eit anleggsmessig løft i form av eit nytt fast hinder eller oppgradering av eksisterande.


Klubbane har høve til å søke om å vere vert for Sleggelaget, og søknaden skal sendes på e-post til S-UK innan 10. juni
Søknaden skal innhalde eit kart eller ei skisse over området hinderet skal byggast på og kva materialer, utstyr og mannskap klubbane sjølve kan bistå med. SU-K kan etter søknad støtte med midlar til material, utstyr og maskinleige dersom tildeling av midlar tillet dette. Klubbane oppfordrast og til å søke NIF om utstyrsmidlar, sjå HER!
Klubbane må kunne stille med område til camping og rimeleg (eventuelt privat) overnatting, slik at den økonomiske belastninga på tilreisande banebyggarar kan gjerast så låg som mogeleg. Klubbane må foreslå to mogelege helgar, og desse må ikkje kollidere med oppsatte DMP-stemner. Det er ein fordel, men ikkje eit krav at Sleggelaget kan arrangerast nært opptil eit planlagt stemne, slik at løyper og hinder i stor grad kan planleggast for det komande stemnet.
Same klubb kan ikkje vere vert for Sleggelaget oftare enn kvart 3. år. Vertskapet for Sleggelaget skal fortrinnsvis rullerast mellom landsdelane. Klubbar som er tildelt meisterskap same eller komande år vert særskildt oppfordra til å søke om vertskap for Sleggelaget, men meisterskapsarrangørar blir kun prioritert di som søknaden er av same kvalitet som dei øvrige.
Ved likestilte arrangørar med hensyn til både søknaden sin kvalitet, geografisk spreiing og eventuelle meisterskap, blir vertskapet tildelt på loddtrekning. Vertskapet for Sleggelaget blir tildelt for inneverande og eventuelt komande år snarleg etter søknadsfristen er utløpt.
Sleggelaget vil vere praksisgjevande på linje med å bygge ein DMP, og TKK støttar med reise, opphald og honorar for ein kurshaldar som skal vere fagleg ansvarleg. Øvrige deltakarar på Sleggelaget oppfordrast til å søke sin klubb eller krins om støtte til reise.
Ordninga Sleggelaget skal reviderast årleg av SU-K og TKK, og innspel til ordninga er særs velkomne.
Relaterte artikler

Dressur
Program og påmelding for dressurkonferansen 15-16. novemberProgram og påmelding for dressurkonferansen 15-16. november

NRYF
Samling uten hest 2026 - Unge ryttere, trenere, støtteapparat og foreldre – kom!Samling uten hest 2026 - Unge ryttere, trenere, støtteappara...

NRYF
Nå er det felles oppnevning av medlemmer til faste sportsutvalg og komiteerNå er det felles oppnevning av medlemmer til faste sportsutv...

NRYF
Linda Bekkevoll Thomsen til minneLinda Bekkevoll Thomsen til minne

Teknisk personell
Sprangdommer-, sprangbanebygger- og stewardkonferansen 2026Sprangdommer-, sprangbanebygger- og stewardkonferansen 2026