Kjøring

Invitasjon til Sleggelaget 2026

Velkomen til Starum 25-27 september for årets sleggelag. I år er Sleggelaget via til Starum for å forberede Nordisk Meisterskap i Køyring, og vi får vi med oss den røynde FEI-banebyggaren Kristaps Caune.

Norges Rytterforubund / Sleggelaget
Foto:
Rebekka Kaagaard
Publisert
-
Oppdatert

Førut for Sleggelaget vil vi saman med Kristaps halde ein digital samling der han får høve til å presentere seg, sine erfaringar og sine tankar omkring hinderbygging. Vi vil og legge fram teikningar og kart over noværande hinder og områder, og innby til forslag og diskusjon omkring renovering og ombygging av hinder. Denne samlinga finn stad 13. august klokka 18.00.

Det er gratis å delta på både Sleggelaget og den digitale samlinga, men den einskilde tilreisande må dekkje sin eigen kost og losji. Vi oppfordrar den enskilde å søkje sin klubb eller krins om reisestøtte.

For overnatting og mat kan vi anbefale overnatting på Starum, der det kostar 620 kr pr pers pr natt i rom på internatet eller kurssenteret. For dei som ynskjer å bu i vogn eller bil kostar straum til desse 215 kr pr natt. Frukost kostar 110 kr, og er inkludert i overnattingsprisen på kr 620. For varm lunsj kostar det 230 kr og varm kveldsmat kr 195. Snarleg etter påmeldingsfrist vil det bli sendt ut ei lenkje for bindande bestilling og betaling av overnatting og mat.

Påmelding

For påmelding til Sleggelaget, nytt denne lenkja.
Påmeldingsfrist: 11. september:

For påmelding til den digitale samlinga, nytt denne lenkja.
Påmeldingsfrist: 7. august:

For praktiske spørsmål kring arrangementa ta kontakt med Janne Hetle på 92 44 11 75.

Vel møtt til eit lærerikt og sosialt Sleggelag!


Relaterte artikler