Kjøring
Invitasjon sleggelaget 2025
Sportsutvalet i køyring (SU-K) og Teknisk Komité køyring (TKK) har gleda av å invitere alle autoriserte banebyggarar til sleggelaget.


Sleggelaget er eit samarbeid mellom SU-K og TKK, og er ei samling for banebyggarar. Hensikta med Sleggelaget er å gje banebyggarar ei faghelg med fokus på bygging av faste hinder, noko som i dag blir gjort forholdsvis sjeldan. Samstundes ynskjer vi å gje ein klubb fagleg bistand ved bygging av eit fast hinder.
I år finn Sleggelaget stad hjå Stav Kjøre- og Rideklubb 3-5 oktober.
Stav Kjøre- og Rideklubb (SKRK) har hovudsete på den velkjende Stavsplassen ved Tretten, nord for Lillehammer. Dei siste to åra har SKRK arrangert fleire DPM-stevner, deravhistorien sitt første Landsmeisterskap i Køyring. På Stav er det kun eit fast hinder, noko som gjer byggging til større stemner arbeidskrevjande. Stav er ellers ein arena godt tilrettelagt for DMP-stemner med 20x60 m ridehus, to store utebaner og fine traséar. Det er ellers gode fasiltetar, med stor oppstallingskapasitet og gode sanitære forhold. Eit nytt fast hinder med gode muligheiter for enkel ombygging vil vere ei etterlengta utvikling av anlegget.
Sleggelaget er praksisgjevande på lik linje med å bygge eit stevne, og fagleg ansvarlege for samlinga er kursholdarar banebyggar Odd Rune Vikheim og Harald Løtuft.
Påmelding skjer innan 20. september gjennom kursportalen til NIF.
Er du ikkje autorisert banebyggar eller med i dugnadsgjengen til vertsklubben, men har likevel lyst å bli med på ei kjekk helg med hinderbygging, kan du ta kontakt med Janne Hetle på tlf 92 44 11 75 eller e-post jackogpoden@hotmail.com
Det kostar ingenting å delta på samlinga, men den einskilde må sjølve sørge for overnatting og transport. Vi oppfordrar og den einskilde banebyggar til å søke reistestøtte frå sin klubb eller krins.
Ein kan overnatte på staden, dette bestill ein direkte med Stavsplassen her: https://stavsplassen.no/stav-camping/priser/
Bestill gjerne overnatting i god tid, det er NPA ponnishow samtidig. Ellers finnast det fleire fine campingplassar, eksempelvis Mageli Camping 6 km nord for Stavsplassen.
Vi kjem til å stelle i stand spleiselag for mat og kaffi, dette avtalar vi nærare etter påmeldinga.
For spørsmål kring samlinga, ta kontakt med Janne Hetle på tlf 92 44 11 75 eller e-post jackogpoden@hotmail.com
Relaterte artikler

NRYF
Samling uten hest 2026 - Unge ryttere, trenere, støtteapparat og foreldre – kom!Samling uten hest 2026 - Unge ryttere, trenere, støtteappara...

NRYF
Nå er det felles oppnevning av medlemmer til faste sportsutvalg og komiteerNå er det felles oppnevning av medlemmer til faste sportsutv...

NRYF
Linda Bekkevoll Thomsen til minneLinda Bekkevoll Thomsen til minne

Kjøring
Stevnesøknader kjøring 2026Stevnesøknader kjøring 2026

NRYF
Reglementsendringer i NRYFs konkurransereglement for 2026Reglementsendringer i NRYFs konkurransereglement for 2026