Kjøring
Inspirasjonshelg i kjøring
Hald av datoen 3.–4. oktober for inspirasjonshelg i dressurkøyring.


Lillann Jebsen
Publisert
-Oppdatert
3.–4. oktober møtast vi på Stav for to dagar med fokus på dressurkøyring frå dommar-, kusk- og trenarperspektiv. Vi skal ha teoribolkar, praktisk dømming av demonstrasjonsekvipasjar og mange gode diskusjonar, der vi håpar vi kan einast om korleis vi ynskjer dressuren skal køyrast og dømmast.
Vi ynskjer alle med interesse for dressurkøyring velkomne til denne helga, som òg vil vere ei kompetansegjevande samling for teknisk personell.
Eiga invitasjon og påmelding til både inspirasjonshelga og demonstrasjonsekvipasjane er på veg.
Vel møtt til ei kjekk dressurhelg!
Relaterte artikler

Kjøring
Invitasjon til Sleggelaget 2026Invitasjon til Sleggelaget 2026

Dressur
Dette er årets grenmestere i DølahestmesterskapetDette er årets grenmestere i Dølahestmesterskapet

Sprang
Vellykket NM-helg for nordlandshest/lyngshestVellykket NM-helg for nordlandshest/lyngshest

Kjøring
Påmelding er open til Inspirasjonshelga 2026Påmelding er open til Inspirasjonshelga 2026