Invitasjon til kurs for køyrebanebyggar og køyredommar

Det vil bli avholdt kjørebanebyggeraspirant- og kjørebanebygger 2-kurs den 01-02. juli og kjøredommeraspirant- og kjøredommer 1-kurs den 02-03. juli i Førde

av
Lillann Jebsen

Teknisk komite kjøring (TKK) og Sunnfjord hestesportslag har gleda av å invitere til følgande kurs for køyrebanebyggar og køyredommar på Mo og Jølster vidaregåande skule.


1-2. juli Kjørebanebyggeraspirant (KBA). Dette kurset er for:

1) dei som har lyst å bli banebyggar i køyring

2) dei som allereie er KBA, men som ikkje har fått tilstrekkeleg praksis eller føler at dei treng oppfriskning av kunnskapane sine etter to sesongar med lite stevner grunna korona.


1-2. juli Kjørebanebygger (KB II). Dette kurset er for kandidatar som i sitt virke som KB I har vist seg kompetent gjennom omfattende praksis og faglig dyktighet.


2-3. juli Kjøredommeraspirant (KDA). Dette kurset er for:

1) dei som har lyst å bli dommar i maraton- og presisjonskøyring

2) dei som allereie er KDA, men som ikkje har fått tilstrekkeleg praksis eller føler at dei treng oppfriskning av kunnskapane sine etter to sesongar med lite stevner grunna korona.


2-3. juli Kjøredommer 1 (KD1). Dette kurset er for:

1) dei som allereie er KDA, og ynskjer å bli KD I.

2) dei som allereie er KD1, men som ikkje har fått tilstrekkeleg praksis eller føler at dei treng oppfriskning av kunnskapane sine etter to sesongar med lite stevner grunna korona.


Kursa er planlagt slik at ein kan ta både banebyggarkurs og dommarkurs for dei som måtte ynskje det. Kurshaldarar er Odd Rune Vikheim og Harald Løtuft.

Deltakaravgift: 800 kr pr person pr kurs. Vi oppmodar deltakarane om å søkje sine klubbar og kretsar om støtte til deltakaravgift, opphald og reise.

Bindande påmelding innan innan 3. juni klokka 23.59
Påmelding KBA: https://minidrett.nif.no/Event...
Påmelding KB2: https://minidrett.nif.no/Event...
Påmelding KDA: https://minidrett.nif.no/Event...
Påmelding KD1: https://minidrett.nif.no/Event...

Innlosjering: Det er mogeleg å overnatte på internatet for kr 400 pr rom pr natt, bestillast på e-post til Harald.Lotuft@gmail.com snarast etter påmelding og seinast 15. juni. Første mann til mølla.

Kost: Det er mogleg å få lunsj, middag, kaffi og kaffimat for 350 kr pr dag, bestillast e-post til Harald.Lotuft@gmail.com snarast etter påmelding og seinast 15. juni. Første mann til mølla.


Vel møtt til ei kjekk og lærerik helg.