Nyheter

Invitasjon til terminlistemøte for stevneåret 2017 Publisert: 29.09.2016,  Sist endret: 29.09.2016

Søndag 6. november blir det terminlistemøte på Mo og Øyrane VGS på Mo.
Det blir gjennomgang av terminliste for 2017. Det vil bli ein fagelig del og matservering. Det vil også bli helde møte for teknisk personell i fylket.

Programmet vil komme informasjon om seinare da dette ikkje er heilt klart pr i dag. Men vi ber alle som har interesse for hestesport i fylket om å holde av denne dagen. Oppmøte vil bli ca kl12-13.  Påmeldingsinformasjon kjem seinare.

Vi ønsker alle aktive medlemmer i alle klubber om å komme og delta, ikkje berre dei som sit i styret i rideklubben. Vi ber styrene i klubbane om å engasjere sine medlemmer til å møte. Spesielt bør dei som er ute og starter stemner eller har planer om dette møte.

I forbindelse med terminlistemøte ber vi om att klubbane sender inn ønsker om D-stemner i fylket for 2017. Dei som ønsker å arrangere KM i dei ulike greinene bes også om å ytre ønske om dette.
Innsending av ønsker skal skje til rytterkrets.sf@gmail.com med kopi til lucinda@lyheim.net innan 16.oktober 2016.

X