Stønad frå krinsen
Økonomisk stønad i Sogn og Fjordane Ryttarkrins
UTDANNING AV TEKNINSK PERSONELL:
Kvart år blir det sett av ein sum som skal dekkje utdanning av teknisk personell i fylket. Dette blir oppnemt i budsjettet.
Krinsen har sett av ein sum som er stigande etter antal søkjarar. Dette er ei støtte ein kan søkje på dersom ein har delteke på stevner i løpet av inneværande år .Ein kan ikkje søkje om støtte om stevnet er halde av klubben ein er medlem i.
Bonuspengar til fordeling per 2011->.
1-3 søknadar 2000
3-6 søknadar 4000
6-9 søknadar 6000
0-13 søknadar 8000
13 og oppover 10 000 Maksimalt beløp.
Grunnbeløpet finn ein ved å dividere budsjettert kronebeløp på totalsummen av poeng på alle utøvarane. Den enkelte utøvar får bonus utrekna med grunnbeløpet gonger med oppnådde poeng.
POENGTABELL:
Utvida klubbstemne 10 p
D-stemne 20p
Landsstemne 35 p
Elitestemne 50p
NM Fjordhest 100 p
NM Køyring 100 p
NM Dressur 100p
NM Sprang 100p
Nordiske stemner 110 p
(Om ein deltek på opne klassar i NM, så reknar ein dette som L-stemne.)
KM-STØTTE:
· Ein kan søkje KM-støtte dersom ein har delteke i KM hos ein anna klubb enn den klubben ein er hovudmedlem i. Det vert utbetalt 250 kr pr søkjar! NB: Ein kan ikkje søkje om støtte til stemnet som held KM i tillegg til KM støtte!
· Ved innsending av søknad om bonusutbetaling søkjer ein samstundes om KM støtte
· Støtteordninga er eit ledd i tiltak for å auke deltakinga på KM i ulike greiner.
LISENSSTØTTE:
Ein kan søkje om støtte til lisens om ein er under 20 år eller har gyldig studentbevis. Lisensstøtte vert utbetalt uavhengig av antal søkjarar. Søknad må innehalde lisensnummer og kopi av kvittering for betalt lisens/ lisenskort.
Lisens:
- Grunnlisens- kr 100 i støtte
- Hovudlisens- kr 200 i støtte
- Elitelisens- kr 300 i støtte
Kriteriar for nominering.
- Vedkommande må ha delteke og utmerka seg på landsstemne utanfor fylket. Dei må og ha delteke på større mesterskap enn KM d.v.s VM ( vestlandsmeisterskap) og høgare for eksempel NM.
Krinsstyret kan nemne ut ein eller fleire personar som viser til gode resultat gjennom året.
For å sikre at ein ikkje overser nokon oppfordrar krinsstyret klubbane til å sende inn forslag på kandidatar. Ein sender dette via e-post innan 1 desember.
Det er for året 2011 sett av kr 5000 kr til prestasjonsprisen.
………………………………………………………………………………………………..
Ein må søkje om reisestøtte, KM støtte, og lisensstøtte innan 1. desember.
Om ein deltek på eit stemne med to hestar, kan ein søkje for begge hestane.
Søknadar som kjem etter fristen vert ikkje teke med!
Søknadane skal sendast til kasserar i SFRK:
Ann Lorraine Thomas Engebø
Søkjarane skal bruke standard søknadskjema. Det finn du ved å trykkje her.
Søknaden kan sendast på e-post.
For spørsmål vedrørande støtteordninga kontakt kasserar: ann.lorraine@enivest.net
LYKKE TIL MED HESTEÅRET 2011!