Om SFRK
Sogn og Fjordane Ryttarkrins (SFRK) ligg under Noregs Ryttarforbund (NRYF), og det er 13 klubbar i Sogn og Fjordane som er tilslutta NRYF og som er ein del av SFRK.
SFRK har fleire oppgåver. Ei av dei er å vere eit mellomledd mellom NRYF og klubbane i fylket, og å spreie informasjonen til NRYF. SFRK arrangerar i samband med klubbane kvart år cup-ar og krinsmeisterskap i sprang, dressur og køyring. Krinsen arrangerar også årlege møter, som årsmøtet i februar og terminlistemøtet i november.
I tillegg til dette ynskjer SFRK å vere eit støtteorgan for klubbane. Me er ein liten krins samanlikna med mange andre i landet, og har ei stor utfordring når det gjeld dei lange strekningane folk må køyre for å delta på stemne, kurs og andre hendingar rundt om i fylket. Me ser på hestesporten i fylket vårt som svært viktig, og ynskjer å utvikle hestesporten opp og fram!

F.V.: Ove Natland, Ann Lorraine Thomas Engebø, Ole Jørn Eldegard, Iren Myklebust, Bjørn Vidar Norheim og Linn Therese Solheim. Ikkje til stades: Marianne Vikheim og Line Forberg.