Krinsmeisterskap
Kvar stemnesesong blir i Sogn og Fjordane avslutta med krinsmeisterskap (KM) i sprang, dressur og køyring. Sogn og Fjordane Ryttarkrins (SFRK) oppmodar konkurranseryttarar til å ha KM som eit mål å jobbe mot gjennom sesongen. Krinsmeistarane blir premierte under den årlege middagen i november, som krinsen spanderar på alle medlemmar av klubbane i fylket - for å heidre vinnarane og takke for sesongen.